Gustav drev tønnefabrikk. I 1929 startet bilferje-trafikken mellom Angvik og Tingvoll, og som eier av kaia var det naturlig at Gustav Angvik og familien tok hånd om ferjedrifta. I 1943 ble driften oppdelt i tre aksjeselskap: Handelen, ferjedrifen og tønnefabrikken (Hyldbakk).
: Adresse
: Lokasjon
: By
: Fylke/Grevskap
: Stat/Provins
: Land
: Ikke satt
Notater
Gustav Annæus ]ohnson Angvik bygde denne heimen (Strand, gnr. 7, bnr. 14) i 1912 og tok til med handel i husa her. Han hadde handla eit års tid på heimegarden Sletta, der far hans hadde starta med same handelen i 1909. Faren hadde og same året starta med tønnefabrikk nedmed dampskipskaia, og i 1916 bygde Gustav Angvik ein ny tønnefabrikkpå andre sida av kaia og hadde i krigstida ein nokså stor produksjon av silltønner. I november 1918 brann fabrikken ned, og den noverande fabrikkbygninga vart da oppført året etter. Mange men— neske har hatt arbeid her gjennom åra. I 1929 tok bilferja mellom Angvik og Tingvollvågen til å gå i rute, og som eigar av kaia og ferjetillegget, var det naturleg at Gustav Angvik og familien hans tok hand om denne samferdsla. I 1933 vart ferja ombygd avdi ho da hadde vorte for lita etter trafikken. I 1951 tok dei over ferja Kvanne—Røkkum og i 1954 vart den noverande bilferja bygd . I 1943 vart firmaet oppdelt i 3 aksjeselskap: handelen, ferja, og fabrikken, og i 1957 vart det bygd ny tidhøveleg butikk nærmare kaia, der handelen tok til i 1958. Omframt handelsstaden Strand åtte Gustav Johnson også den gamle plassen Myra, som han kjøpte i 1924. Her bygde han i 1947 nye hus, og sonen Torgeir eig no denne heimen. Gustav Annæus Angvik var f. 1888 og gift 1913 med Emma Toresdotter Skjølsvik, f. 1893. Dei hadde ni born. (Hyldbakk)