"I 1723 var Isak Audenson brukar av båe gardane på Fjøseid. Bykselbrevet hans av 1720 lydde nemleg på 2 øre og 18 mkl. Ved auksjonsskjøte av 31/— vart han i 1728 eigar av dei 101/2 mkl. i garden som Kristoffer Femmer hadde ått. Her må det skytast inn at vi ikkje har noko prov for kva for ein av desse to partane, Oppistua eller Nistua, Isak Audenson sat på frå først av. Når vi har plassert han i Nistua, er det einast av den grunnen at sonen Ola fekk byksel på denne parten, mea dottra Magnhild og versonen Jens fekk byksel på Oppistua. Det er truleg at han som var jordkar vart verande på fedregarden Nistua, men sikkert er det altså ikkje." [1]