"Han var oppvaksen på plassen Nisjaøyen i Sunndal. Foreldra hans, Lars Ivarson Fale og Helga. dotter av major Mathias Thams, flytte med hit til bygda etter at elva under storofsen i 1789 hadde teke heile hei— men deira med jord og hus."
-------
"I 1814 var han mellom underskrivarane på «Tingvoll—dokumentet» til regenten prins Christian Fredrik. I 1816 var Mathias ein av dei få bøndene i Øre, som støtta amtmann Krogh i arbeidet hans, for å få reist eit kornmagasin i sognet. Mathias Larsson var truleg haugianar. Han var medeigar i kyrkja, og nokre år medhjelpar under gudstenestene. Ein sundag han for på hard skare gjennom «Nølskaret» i Duåsskaret på veg heim att frå Ørkyrkja, glei han og datt med hovudet først mot ei steinhylle. — Han låg til sengs nokre dagar på Larssetra før han døde den 12. februar 1826. — Skiftet etter han viser velstand med 270 specidalar til deling mellom arv- ingane." [1]