: Adresse
: Lokasjon
: By
: Fylke/Grevskap
: Stat/Provins
: Land
: Ikke satt
Notater
Hallstein Olson kjøpte garden til sjøleige 1705 av buet etter presten Johan Mentzen og fekk skjøte 30. mars same året. Kjøpesumen veit vi ikkje noko om. På sommartinget i 1755 var Hallstein innklaga for retten av Jakob Teilgård uti Stangvika, som ville ta frå han garden med odelsrett. Hallstein sa at han no hadde brukt garden i 50 år utan lovleg tiltale og ville vera fri for noko søksmål. Han kravde 16 rd. i sakskostnad og la fram papir som synte at enkja etter futen Christian Rasbech hadde skjøta garden til Johan Mentzen i 1695 og at han sjøl hadde kjøpt garden av dødsbuet etter presten.
Retten fann ut at garden hadde komi i citantens ættlegg i 1633 ved skjøte frå Oluf Parsberg til Henrik Mogenson Rytter. 1 1673 hadde så garden vorte utlagt i skifte til kona åt Jesper Lambertsen som arv etter broren Jens Henrikson Rytter. Den 12/3 1722 hadde så morbror åt saksøkjaren, Hans Henrikson Rytter, som eldste son etter far sin, overdrege odelsretten sin til Rasmus Teilgård. Denne hadde tinglyst odelsretten sin tri gonger, i 1722, 1730 og 1740. Men da han ikkje etter loven hadde løyst inn garden etter 20 år å rekna frå første tinglysinga i 1722, hadde han tapt løysingsretten sin. «Thi kiendes for ret efter loven som meldt at contraparten Halsten Olsen bør upaa anket beholde den omtvistede øres leie i gaarden Dryppingen, fri for citantens tiltale i alle maader. Prosesens omkostninger ophæves.»
Den 78 år gamle gubben på Drøppingå rodde heim frå Stangvika med stor siger den femtande juli det året.
Hallstein Olson og Sollau Andersdotter hadde fem born som vi veit om: [1]