Skriv ut Legg til bokmerke
Sebastian White

Sebastian White

Mann 1591 - 1656  (64 år)

Personlig informasjon    |    Kilder    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

  • Navn Sebastian White 
    Fødsel Sep 1591  London, England Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Mann 
    Biografi
    • Sebastian White kom frå London til Nordmøre i 1614 og busette seg på Åsgard kring 1617. Segna seier at han laut røme heimlandet for å berge livet i religionsstridane. Kjærasten hans skulle heite Beatrice. Foreldra hennar var katolikkar, og da dei fekk greie på at ho ville gifte seg med Sebastian og gå over til protestantismen, stengde dei dotra inn i klostret. Men den gode Sebastian fridde henne ut på eventyrleg vis og sigla hit med skatten sin.
      Denne segna er vel helst eit plagiat av ei gamal riddersoge. Det som ein trur å vita om Sebastian er at han var fødd i London i september 1591. Truleg var han soneson til ein Sebastian White,
      som var fødd i Normandie i Frankrike omlag 1525 30 og vart engelsk borgar i 1555. Far til Sebastian på Åsgard heitte visstnok George White og var trelasthandlar i London, og når sonen fann på
      å reise til Norge, så har nok helst dette stått meir i samband med spekulasjon i trelasthandel enn med religion og kjærleik. For nettopp i denne «hollendertida» var det pengar å gjera her til lands
      i trelasthandel, og mange utlendingar slo seg ned i Norge utetter 1600 talet. Tradisjonen, både i ætta på Åsgard og enda meir i ei grein av ætta i Rindalen, vil vita at herr Sebastian var av engelsk
      landadel. På ei altartavle som han skal ha gjeve til Stangvikkjerka etter han kom til Åsgard, seiest det at våpenmerket hans stod inn skore: to kvite duver og ei bikube.
      Sebastian var gift kring 1617 med Ingeborg Audensdotter av Tryggeætta på Aspa, og med henne fekk han ikkje berre Åsgard til heimafylgje, men også Bele, Husby og Hallset i Stangvik. Knarvik på Tustna og Myrset og Nedal i Kvernes. Mot Nedal og noko av Myrset makeskifta han åt seg Settem i 1639.
      Sebastian White og Ingeborg Audensdotter hadde fire born:
    Død 1656  Åsskard, Surnadal,Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Person ID I345  Kirsten og Arnes tre | Arnes aner
    Sist endret 16 Jan 2020 

    Familie Ingeborg Audensdatter,   f. Aspa, Tingvoll, Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Barn 
     1. Michel Sebastianson With,   f. 1628, Åsskard, Surnadal,Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 1697, Settem, Bøfjorden, Surnadal, Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 69 år)
    Famile ID F173  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 17 Aug 2014 

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - Sep 1591 - London, England Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 1656 - Åsskard, Surnadal,Møre og Romsdal Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 
    Tegnforklaring  : Adresse       : Lokasjon       : By       : Fylke/Grevskap       : Stat/Provins       : Land       : Ikke satt

  • Kilder 
    1. [S93] Hans Hyldbakk, Folk og heimar i Åsskard: bygdebok.