Roaldset i Gards- og ættesoge for Straumsnes: Ola og Ane enda som gardfolk på Rimstad i Tingvoll, men før det hadde dei vore på Frei i nokre år. Det er ei stor slekt etter desse folka, og mange har undrast på kvar Ola Knutson var frå. Gjørsviknamnet, som han nyttar fleire gonger framgjennom livet, kan tyde på at han var derifrå. Han var kanskje son til husmannen Knut Knutson i Gjørsvika.I 1801 var det ingen Ola Knutson i Gjørsvik, men ein 13 år gammal tenestedreng på Kårstein har dette namnet og kan vera den vi søkjer etter.