"Nicolay H. Knudtzon kjøpte garden for å drive fram tømmer. Det var mykje gild tømmerskog på Venås dette leitet, og konsulen i Kristiansund dreiv stort med drifta eit par år. Framdrifta vilde ikkje slå til slik som konsulen hadde tenkt seg, og spørsmålet vart å finna ein kar som kunne overtaka garden mot å skaffa materialar. Knudtzon vilde ha 1500 tylvter plankar, og den som vilde og kunne skaffa han det utav Venåsskogen, skulde få garden. Han fekk så Nils Erikson Husby til Venås på dei vilkåra, og slik kom den noverande ætta på garden.
Nils Erikson Husby frå Todalen fekk skjøte 12/12 1869. Kjøpekontrakten mellom Nils Erikson og Knudtzon var oppretta allereide 24/3 1858. Seljaren overlet i denne garden til Nils Erikson mot at denne kvart år i 15 år skaffa han 100 tylvter 3 x 9 toms plankar av 12 fots lengde. Forstandige folk meinte det var galmannsverk å kjøpe garden på slike vilkår og rådde han til å gjera handelen oppatt, men Nils var vant med skogsarbeid, og før dei femtan åra var omme hadde han oppfylt vilkåra og vart av garden. I 1863 bygde Nils opp Myrasaga, som frå først ai ombygd til sirkelsag i 1891." [1]