Hyldbakk: LINSLETTA III Ingebrigt Jonson Bergem frå Ytre Tuvteigen fekk den 4/7 1822 byksel på denne plassen av dei to mennene Peder Rolvson i Oppistua og Torstein Olson i Austistua på Bergem. Plassen kan såleis ikkje vera akkurat den same som den Jo Pederson hadde. Det ser ut til at mennene på Bergern har ått kvar sine teigar på Linsletta og nøko låg i sameige av innmarka her.